De Mysteriis Dom Sathanas er det andre studioalbumet til det norske svartmetallbandet Mayhem. Arbeidet med albumet starta allereie i 1987, men grunna sjølvmordet til Pelle Yngve Ohlin (Dead) og mordet på gitaristen Øystein Aarseth (Euronymous) vart ikkje plata utgjeven før i mai 1994. Albumet er internasjonalt kjent, og vert rekna som eit av dei mest innverknadsrike og influerande svartmetallalbuma i æve.
Songen «From the Dark Past» vart opphavleg kalla «Materialized in Stone», men måtte endrast på grunn av at namnet blei brukt av Marduk på plata Opus Nocturne eit par månader før De Mysteriis Dom Sathanas.
Innhald
Tittel og omslag Tittelen De Mysteriis Dom Sathanas er eit uttrykk på latin som Euronymous omsette «Herre Satans Løynlege Skikkar», men ordrett vert det noko som «Herre Satan om mysterium». Plateomslaget er svart, og viser austsida av Nidarosdomen i Trondheim i lilla eller blått.
Medverkande Attila Csihar – vokal Euronymous – elektrisk gitar Count Grishnack – bassgitar Hellhammer – slagverk Dead – komponist
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «De Mysteriis Dom Sathanas» frå , den 29. juli 2011 oppgav desse kjeldene: Lahdenpera, Esa 2009: "Interview with Euronymous" Kill Yourself! Magazine Vikernes, Varg: A Burzum Story: Part II - Euronymous Markheims blogg (2008): Heavy Latin: About Latin Lyrics in Metal Music Christie, Ian (2003): Sound of the Beast: the Complete Headbanging History of Heavy Metal, Harper Collins Publishers Plateomslaget og hefte i De Mysteriis Dom Sathanas
Kategori:Mayhem-album Kategori:Musikkalbum frå 1994 Kategori:Norske musikkalbum