Arne Wilhelmsen () var ein norsk forretningsmann og skipsreiar.Rie Bistrup: «Eit grepa rokar», Aftenposten, 1. august 1992, s. 17.

Wilhelmsen var fødd i Oslo. Han var utdanna ved Harvard Business School, der han i 1953 fekk graden Master of Business Administration.Grete de lange: «Lavmælt redar i cruise», Aftenposten, 24. april 1992, s. 34. Før utdanninga var han i 1948 dekksgutt i Wallenius Lines, i 1950 befraktningsassistent i E. B. Lund & Co og i tida 1950-1951 skipsmeklar i New York. Han var òg skipsmeklar same stad 1953-1954.

Wilhelmsen arbeidde frå 1954 i reiarlaget til familien, Anders Wilhelmsen & Co AS, der han i 1961 vart administrerande direktør. Han var sentral i etableringa av cruisereiarlaget RCCL i 1969.NACC Achievement Award to Arne Wilhelmsen, norway.com, 3. oktober 2009 Wilhelmsen hadde ei rekkje styreverv i norsk og utanlandsk næringsliv og har hatt verv i ulike norske bransjeorganisasjonar, mellom dei Noregs Rederiforbund og Arbeidsgjevarforeininga for skip.

Wilhelmsen vart i 2005 forfremma til kommandør av St. Olavs Orden for «samfunnsgavnleg virke.»«Tildeling av ordenar og medaljar: Søk i arkivet», kongehuset.no Han var òg kommandør av Finlands løves orden og riddar av Æreslegionen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Arne Wilhelmsen» frå , den 5. august 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Finlands løves orden Kategori:Æreslegionen