Herisau er ein kommune i kantonen Appenzell Ausserrhoden i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 771 meter over havet. Kantonsparlamentet og kantonsregjeringa har sitt sete i kommunen, som såleis er hovudstad i kantonen.

Geografi Herisau grensar i sør til kommunane Schwellbrunn, Waldstatt, Hundwil og i aust til kommunen Stein. I nord grensar Herisau til grannekantonen St. Gallen. 56,8% av arealet vert nytta til landbruk, 27,1 er skogdekt.

Demografi og språk Folketalet har dei seinare åra vore i tilbakegang; 5,2% sidan 2000. 17,9% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. 87% av folket talar tysk, medan 3,8% har serbokroatisk og 3,4% italiensk til morsmål.

Historie Herisau er første gongen nemnd i 837. Området låg under klosteret St. Gallen. Etter Appenzellkrigen braut staden med St. Gallen i 1433. Under reformasjonen gjekk Herisau med i den reformerte kyrkja og vart såleis med kantonen Appenzell Ausserrhoden. Trogen var første hovudstaden i kantonen. I 1877 vart Herisau hovudstad, men Trogen fekk behalde domstolen for kantonen.

Schwellbrunn vart skilt ut frå Herisau i 1648 og Waldstatt i 1719.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Herisau» frå , den 7. august 2011.

Bakgrunnsstoff http://www.herisau.ch (tysk) Offisiell nettstad

Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Appenzell Ausserrhoden