Zürichsjøen (sveitsartysk: Zürisee, tysk: Zürichsee) er ein innsjø i Sveits, som ligg i den søraustlege delen av kantonen Zürich, delar av innsjøen ligg i kantonane Schwyz og St. Gallen. Innsjøen dekker eit areal på 88,2 km². Han er 42 kilometer lang, og på det breiaste 3,85 kilometer. Zürichsjøen ligg 406 meter over havet, og største djupna er 136 meter.
Innsjøen får tilløp frå elva Linth, som renn ned frå brear kring fjellet Tödi i Glarus-Alpane. Elva Limmat er avløp for Zürichsjøen. Byen Zürich ligg ved osen av innsjøen.
Au-halvøya ved landsbyen Au er eit populært turistmål.
Stader ved innsjøen + Stader ved Zürichsjøen Venstresida ¹ HøgresidaNuolen (SZ) Lachen (SZ) Altendorf (SZ) Pfäffikon (SZ) Hurden (SZ) Freienbach (SZ) Bäch (SZ) Richterswil (ZH) Wädenswil (ZH) Au (ZH) Horgen (ZH) Oberrieden (ZH) Thalwil (ZH) Rüschlikon (ZH) Kilchberg (ZH) Schmerikon (SG) Bollingen (SG) Busskirch (SG) Jona (SG) Rapperswil (SG) Kempraten (SG) Feldbach (ZH) Uerikon (ZH) Kehlhof (ZH) Stäfa (ZH) Männedorf (ZH) Uetikon am See (ZH) Meilen (ZH) Herrliberg (ZH) Erlenbach (ZH) Küsnacht (ZH) Zollikon (ZH)ZürichMerknader: ¹ Venstresida frå utløpet til Linth sør- og etter kvart vestbreidda. Kantonar: SZ, SG, ZH. mini|upright=3.5|center|700px|Zürichsee sett frå Zürich mot Alpane.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zürichsee» frå , den 13. august 2011.
Kategori:Innsjøar i Sveits Kategori:Geografi i Zürich Kategori:Geografi i St. Gallen Kategori:Geografi i Schwyz