Cicely Isabel Fairfield, gift Andrews, () var ein britisk journalist, kritikar, forfattar og feminist kjend under pseudonymet Rebecca West.
West fann pseudonymet sitt etter ei kort tid ved scenen, der ho mellom anna spelte i Rosmersholm av Henrik Ibsen. Ho vart mellom anna kjend for repoartasjane sine frå Nürnbergrettssakene, som er samla i A Train of Powder (1955). The Meaning of Treason (1949, 1965) er studiar av naturen i forræderiet, med utgangspunkt i kjende rettssaker. Ho er også kjend for romanar som The Return of the Soldier (1918), Harriet Hume (1929), The Thinking Reed (1936) og The Fountain Overflows (1957).
Rebecca West blei utnemnd til Commander of the British Empire i 1949 og Dame of the British Empire i 1959. Ho var ein aktiv skribent like til det siste, og opplevde at hennar feministiske romankarakterar vakte fornya interesse i 1970- og 1980-åra.
Kjelder
Kategori:Folk frå London Kategori:Britiske forfattarar Kategori:Britiske journalistar Kategori:Order of the British Empire Kategori:Kvinnelege forfattarar frå 1900-talet Kategori:Forfattarar frå London