Verdsmeisterskapen i sjakk 1958 vart spela mellom Mikhail Botvinnik og Vasilij Smyslov i Moskva frå 4. mars til 9. mai 1958. Smyslov hadde vunne tvikampen om verdsmeisterskapen i sjakk 1957 mot då regjerande meister Botvinnik. Og etter dei reglane som gjaldt då, hadde Botvinnik rett til ein returkamp året etterpå.
Resultat Kampen vart spela over 24 parti. Viss den enda uavgjort 12-12 etter 24 parti, ville Smyslov behalde tittelen. Men Botvinnik vann tvikampen, og tok tilbake verdsmeister-tittelen.
+Verdsmeisterskapen i sjakk 1958 Nasjon 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 PoengMikhail Botvinnik 1 1 1 ½ 0 1 ½ ½ ½ ½ 0 1 ½ 1 0 ½ ½ 1 0 ½ ½ 0 ½ 12½Vasilij Smyslov 0 0 0 ½ 1 0 ½ ½ ½ ½ 1 0 ½ 0 1 ½ ½ 0 1 ½ ½ 1 ½ 10½
Bakgrunnsstoff Sjakk-VM 1958 hos chessgames.com, med partia, vitja 17. august 2011 1958 World Chess Championship hos Graeme Cree sine sjakksider
Kategori:Verdsmeisterskap i sjakk Kategori:1958 i Sovjetunionen