Liechtenstein prøvde å debutere i Eurovision Song Contest 1976, men dei hadde framleis ikkje hadde nokon nasjonal kringkastar som var medlem i EBU, og vart avviste. Sveits tilbaud seg å delta med same flagg som Liechtenstein. Landet hadde vald song og artist, men fekk ikkje lov av arrangørane i Nederland til å delta.
1FLTV annonserte at dei ville sende inn ein søknad til EBU for å verte eit aktivt medlem før 31. juli 2009, med intensjon om å delta i Eurovision Song Contest 2010 i Bærum i Noreg. Søknaden vart ikkje godkjend og landet fekk ikkje debutere i tevlinga.
29. juli 2010 prøvde 1FLTV att å få medlemskap i EBU, men søknaden vart ikkje godkjend. Liechtenstein fekk dimed ikkje debutere i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland.
Ikkje-deltakande bidrag År Artist Song Språk Låtskrivar Finalen Semifinalen 1976 Biggi Bachmann «My Little Cowboy» Engelsk N/A Ikkje EBU-medlem Ingen semifinalar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Liechtensteins bidrag i Eurovision Song Contest» frå , den 18. august 2011. Denne artikkelen bygger på «Mislukte pogingen om deel te nemen aan het Eurovisiesongfestival#Liechtenstein» frå , den 18. august 2011.
Fotnotar
Kategori:Land i Eurovision Song Contest