Andreas Olai Schei () var ein norsk jurist, høgsterettsdommar og den første sivilombodsmannen i Noreg frå 1962 til 30. juni 1974.
Schei var fødd i Førde. Han vart cand.jur. i 1926, og var dommarfullmektig frå 1926 to 1929 og tilsett i Justisdepartementet frå 1929 til 1939. Frå 1939 arbeidde han i Forsyningsdepartementet, og frå 1941 til 1942 var han ekspedisjonssjef i Handelsdepartementet. Han var deretter tre år i Norsk Brændselolje, og frå 1945 ekspedisjonssjef i Justisdepartementet.
I 1946 vart han utnemnd til høgsterettsdommar. Frå 1962 til 1974 var han den første Sivilombodsmannen i Noreg. Han hadde mange verv i offentlege styre og komitear.
Han blei tildelt Storkors av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden i 1972.
Scehi døydde i Bærum. Han var far til høgsterettsjustitiarius Tore Schei og bror til tidlegare fylkesmann Nikolai Andreas Schei.
Kategori:Norske høgsterettsdommarar Kategori:Sivilombodsmenn Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Førde Kategori:Norske ombodsmenn