mini|Praia da Ursa, Sintra i Portugal. Den blå timen ved havet.

Den blå timen kjem av det franske uttrykket l'heure bleue, som syner til perioden med tussmørker kvar morgon og kveld når det korkje er fullt dagslys eller heilt mørkt, og himmelen har ei anna blåfarge enn om dagen. Fenomenet skuldast Rayleigh-spreiinga av sollyset.

Den blå timen vert rekna som spesiell på grunn av lyskvaliteten på denne tida av dagen, og både sjølve uttrykket og det naturfenomenet det refererer til, er mykje nytta i kunstnarisk samanheng og i populærkulturen.

Sjå òg Tussmørker Midnattssol Mørketid Purpurlys

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Blue hour» frå , den 30. august 2011, supplert med opplysningar frå fransk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Jordfenomen Kategori:Tider av døgnet Kategori:Sikt Kategori:Natt