mini|Vitenskapsakademiets hus i Drammensveien 78 i Oslo Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA), ofte berre kalla Vitenskapsakademiet eller Akademiet, er ein sjølvstendig, tverrfagleg og landsdekkjande organisasjon som omfattar alle vitskaplege disiplinar.

Namn Det Norske Videnskaps-Akademi vart stifta 3. mai 1857 som Videnskabsselskabet i Christiania, men skifta i 1924 namn til Det Norske Videnskaps-Akademi. Akademiet feira 150-års jubileum i 2007.

Formål Akademiet skal fremje norsk vitskap både nasjonalt og internasjonalt andsynes utanlandske akademi og internasjonale organisasjonar. DNVA er òg jamleg vertskap for internasjonale konferansar og symposium.Blant anna arrangerer Akademiet Nansen minneforelesing. Verksemda omfattar òg månadlege foredrag, som er opne for ålmenta.

Organisasjon, opptak, æresmedlemmar og styre Per mars 2021 er det rekna å vere 931 medlem i Akademiet, både norske og utanlandske. Desse er fordelte på Den matematisk-naturvitskaplege klassen og Den historisk-filosofiske klassen. Ein plass blir ledig ved dødsfall eller når eit medlem fyller 70 år. Val av nye, verdige medlemmar finn stad ein gong i året. Berre Akademiet sine eigne medlemmar kan foreslå kandidatar, som dinest blir vurderte på grunnlag av den samla faglege innsatsen deira og tydinga innan dei respektive disiplinane, i kva grad dei fyllar opptakskriteria.

Dei to klassene er kvar delt i åtte undergrupper. Forutan norske og utanlandske medlemmar har akademiet òg æresmedlemmer. Dei kongelege blir nærast automatisk utnemnde. Milliardæren og norsk-amerikanaren Fred Kavli (1927-2013) var æresmedlem for sine generøse gåver til norsk vitskap. I seinare tid har førelesningssalen blitt omkalla til «Kavlisalen».

Kong Harald V er ærespreses, medan Akademiet blir styrt av eit presidium beståande av presesen, visepreses og generalsekretær. Sekretariatet til akademiet held til i Oslo og blir leia av generalsekretæren og dagleg leiar. Frå 2019 består presidiet av genralsekretær Øystein Hov, preses Hans Petter Graver og visepreses; Anders Elverhøi og Gunn Elisabeth Birkelund.

Publikasjonar Akademiet har like sidan starten utgjeve vitskaplege skrifter og bøker innanfor begge klassar. I tillegg til skriftserien og årboka gjev dei ut seriane Minnetaler og Fridtjof Nansen Minneforelesning, Norsk Lingvistisk Tidsskrift, Zoologica Scripta (i samarbeid med den svenske Vetenskapsakademien), og Physica Scripta (saman med Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab).mini|Vitenskapsakademiets hus sett frå hagen. Finansiering Det Norske Videnskaps-Akademi mottek ei grunnløyving over statsbudsjettet, men får i tillegg tilskott frå AbelfondetAbelprisen for framifrå vitskapleg arbeid i matematikk deler årleg ut 6 millionar kroner. Niels Henrik Abels Minnefond på 200 millionar kroner vart oppretta av Stortinget i 2002 for å heve statusen til matematikkfaget i samfunnet. Avkastinga av fondet blir tildelt Det Norske Videnskaps-Akademi som òg er ansvarleg for prisvinnaren og arrangement i tilknyting til prisutdelingen.

Dessutan blir det gjeve støtte til tiltak for born og unge, blant anna til Niels Henrik Abels matematikk-konkurranse, KappAbel, getSmart og LAMIS, Landslaget for matematikk i skulen. Equinor (tidligere Statoil), Nansenfondet og Kunnskapsdepartementet, blant anna for å administrere Abelprisen, Holmboeprisen, Nansenfondet og Kavliprisen. Akademiet har òg eigne fondsmidler. Dessutan har Akademiet sidan 1985 samarbeidt med Equionor om forsking innan olje, gass og miljø, og finansieringa av grunnforskningsprogrammet VISTA.

Huset på Drammensveien Akademiet held til i tidlegare statsråd Astrups villa i Drammensveien 78 i Oslo. Astrups villa vart overteken på svært rimelege vilkår frå døtrene til statsråden, Ebba og Elisabeth Astrup, i 1911. Statsråd Hans Rasmus Astrup (1831-1898) var trelasthandlar og vart i 1885 utnemnd til arbeidsminister i Johan Sverdrup-regjeringa. Bygningen var teikna av arkitekt Herman Major Backer og stod ferdig i 1887.

Medlemmar NamnGruppeInnvaldAlderskl.Nasjonalitet 2020 Noreg 2020 Noreg 2020 2020 Noreg 2020 Noreg 2020 Noreg 2020 Noreg 2020 2020 Noreg 2020 Noreg 2020 Noreg 2020 Noreg 2020 Noreg 2020 Noreg 2020 Noreg Historie 2020 https://www.dnva.no/medlemmer/1267 "Innvalgt etter timannsregelen: