Eigil Hesstvedt () var ein norsk meteorolog og ein internasjonal pioner innan problem knytte til atmosfærisk kjemi og forureining.

Han tok cand.real. innan matematikk i 1947 og dr.philos. i 1961. Han var professor i meteorologi ved Universitetet i Oslo frå 1966. Hesstvedt arbeidde først hovudsakleg med skyfysikk, mellom anna perlemorskyer og nattlysande skyer. Seinare arbeidde han mest med problem knytte til kjemi i atmosfæren og forureining.

Eigil Hesstvedt var formann i Oslo geofysikeres forening 1963–1965 og formann i Den nasjonale komité for geodesi og geofysikk frå 1969. Han vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1966. Han hadde fleire verv i Verdas meteorologiorganisasjon og International Union of Geodesy and Geophysics.

Hesstvedt vart nordisk meister i fekting med sabel i 1969 og var noregsmeister i fekting i 1959 med florett og i 1964 med sabel.

Utgjevingar (utval) On the physics of mother pearl clouds, i Geofysiske publikasjoner, nr. 9/1960 On the photochemistry of ozone in the ozone layer, i Geofysiske publikasjoner, nr. 5/1968 Long range transport of ozone (saman med Ø. Hov og I. S. A. Isaksen), i Institutt for geofysikks rapportserie, nr. 32, 1977 Possible increase in total ozone due to anthropogenic release of carbon monoxide and nitrogen oxides near the ground, i Institutt for geofysikks rapportserie, nr. 35, 1978

Kjelder

Kategori:Norske meteorologar Kategori:Norske meteorologiprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Norske fektarar