Hoeggen kyrkje eller Hoeggenkyrkja er ei kyrkje frå 1997 på Hoeggen i Lerkendal bydel i Trondheim, Sør-Trøndelag fylke. Kyrkja vart bygd til byjubileet i 1997 og vart vigsla 12. oktober det året. Kyrkja har inge kyrkjegard.
Tidlegare var det ikkje kyrkje på Hoeggen og dei som sokna til kyrkja gjekk til Strinda kyrkje.
Kyrkjebygget Kyrkja er teikna av Arkitektkontoret Madsø & Sveen i Trondheim, som òg har teikna Herøy kyrkje på Sunnmøre og Grymyr kyrkje på Hadeland.
Inventar Alterbildet er ein fargerik glassmosaikk laga av Synva Tufte frå Horten, som vann ein idékonkurranse om alterbildet. Pipeorgelet er på 17 stemmer og har ein romantisk klang og er slik eit godt tilskott til orgellandskapet i Trondheim.
Bakgrunnsstoff
Hoeggen kirke hos NRK kirken.no Om utsmykkinga
Kategori:Kyrkjer i Strinda prosti Kategori:Kyrkjer i Trondheim Kategori:Norske kyrkjer frå 1997