Andreas Holmsen (}}) var ein norsk bergmann og hydrograf.
Holmsen var fødd i Røros og var bror til Gunnar Holmsen. Han vart hydrograf i vassdragsvesenet i 1895 og arbeidde frå 1905 til 1909 ved Universitetet i Oslo. I 1918 vart han bergkonsulent i Handelsdepartementet. I 1921 vart han underdirektør og i 1932-1937 var han bergmeister i distrikt på Austlandet. Han gav ut fleire hydrografiske artiklar, mellom andre Seiches i norske indsjøer, Isforholdene ved de norske indsjøer (Videnskabsselskabet i Christianias skrifter 1901) og bidrag til Beskrivelse over norske vasdrag.
Kjelder
Kategori:Norske hydrografar Kategori:Norske bergmenn Kategori:Folk frå Røros