mini|Rogensjøen i Sverige sett frå nord. Dei skogkledde ryggane i innsjøen er rogenmorener. Ei rogenmorene er eit subglasialt (skapt under ein isbre) morenelandskap,Hättestrand, C. & Kleman, J., 1999. Ribbed moraine formation. Quaternary Science Reviews, 18:43-61 som ein hovudsakleg finn i Skandinavia, Skottland,Finlayson, A. G. & Bradwell, T., 2008. Morphological characteristics, formation and glaciological significance of Rogen moraine in northern Scotland. Geomorphology, 101:607-617 IrlandDunlop, P. & Clark, C. D., 2006. The morphological characteristics of ribbed moraine. Quaternary Science Reviews, 25:1668-1691 og Canada.Marich, A., Batterson, M. & Bell, T., 2005. The morphology and sedimentological analyses of Rogen moraines, central Avalon Peninsula, Newfoundland. Current Research, Newfoundland and Labrador Department of Natural Resources, Geological Survey, Report, 05-1:1-14 Dei dekkjer store område som har vore dekte av is og hovudsakleg berre i område ein trur var sentrale område av iskappa. Rogenmorener er kalla opp etter RogensjøenMöller, P., 2006. Rogen moraine: an example of glacial re-shaping of pre-existing landforms. Quaternary Science Reviews, 25:362-389 i Härjedalen i Sverige, som er typelokaliteten for landforma.
Landforma skjer i grupper som ofte ligg nært kvarandre med jamne mellomrom. dei består av morenar med morenejord. Dei individuelle morenane er store, bølgjete ryggar som er orientert på tvers av rørsla til isen. Ein finn ofte drumlinar nær rogenmorenar, og ein trur desse vart skapt på same tid som rogenmorenane. Sjølv om storleiken til rogenmorenane varierer stort, er dei vanlegvis kring 10-30 meter høge, 150-300 meter breie og 300-1200 meter lange.
Sjå òg Drumlin
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rogen moraine» frå , den 7. september 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Glasiologi Kategori:Glasiale landformer