Jens Konrad Eggvin () var ein norsk oseanograf.
Eggvin arbeidde som vitskapleg konsulent ved Fiskeridirektoratet i Bergen, tok doktorgraden i 1941. Han leia fleire oseanografiske tokt langs norskekysten og i Norskehavet, og oppretta faste oseanografiske stasjonar. Særleg arbeidde han med å føresjå innsiget av skrei i Lofoten og Finnmark ut frå kjennskap til temperatur- og straumforhold. Eggvin tok del i arbeidet med å opprette eit storstilt, internasjonalt observasjonsnetteverk med omsyn på varsling av oseanografiske forhold.
Kjelder
Kategori:Norske oseanografar Kategori:Folk frå Vestvågøy