Magnus Gustaf (Gösta) Mittag-Leffler () var ein svensk matematikar.
Gösta Mittag-Leffler fødd i Stockholm som son av riksdagsmannen Johan Olof Leffler og Gustava Wilhelmina Mittag. Slekta Leffler er ei innvandra borgarslekt frå Breslau, kjent frå 1300-talet. Systera hans Anne Charlotte Leffler (1849-1892) var forfattar, broren Leopold Fredrik Alexander Leffler (stava Läffler; 1847-1921) ein kjend dialektforskar og fonetikar.
Etter studium ved Uppsala universitet fekk Gösta Mittag-Leffler stipend til å reisa i Europa, der han vart ven med mellom andre Charles Hermite og Karl Weierstrass. Han vart utnemnd til professor i matematikk i Helsingfors i 1877 og vart i 1881 den første matematikkprofessoren i Stockholm. Mittag-Leffler var uvanleg produktiv, ved sida av reine matematiske arbeid skreiv han biografiar over kjende matematikarar.
Mittag-Leffler var ein av den svenske matematikken sitt mest fargesterke og påverknadsrike individ. Han virkte som professor ved Stockholms högskola frå 1881, grunnla tidsskriftet Acta Mathematica omkring 1882 og i villaen hans på Djursholm utanfor Stockholm finst i dag Makarna Mittag-Lefflers matematiska stiftelse. Mittag-Leffler medverka òg til å løfte fram mange viktige matematikarar som til dømes Sonja Kovalevskij, Ivar Fredholm og Helge von Koch. I 1872 forsvarte han doktoravhandlinga si Om skiljandet af rötterna till en synektisk funktion af en variabel.
Mittag-Leffler-satsen og Mittag-Leffler-funksjon har namn etter han. På Svalbard er Mittag-Lefflerbreen kalla opp etter matematikaren. Mittag-Leffler er gravlagd på Djursholms begravningsplats.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gösta Mittag-Leffler» frå , den 11. september 2011. oppgav desse kjeldene:
Arild Stubhaug: Med viten och vilje - Gösta Mittag-Leffler 1846-1927, 775 sider (2007) Aschehoug, ISBN 9788203234934
Bakgrunnsstoff "Mittag-Leffler en matematikens entreprenör" av professor Olle Häggström, Under strecket 6/3 2005 SvD Institut Mittag-Lefflers heimeside
Kategori:Svenske matematikarar Kategori:Svenske professorar Kategori:Folk frå Stockholm Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Matematikarar på 1900-talet