«Celebrity Reflection» er eit cruiseskip som er det femte, siste og største av Solstice-skipa bygde ved Meyer Werft GmbH i Tyskland. Etter leveringa i november 2012 har skipet vore ått og drive av Celebrity Cruises.
Skipet har 17 dekk, eitt meir enn dei andre Solstice-skipa. Dei andre skipa i klassen, «Celebrity Solstice», «Celebrity Equinox», «Celebrity Eclipse» og «Celebrity Silhouette», byrja segling i høvesvis 2008, 2009, 2010 og 2011. «Celebrity Reflection» har plass til 3 046 passasjerar, berre overgått av «Celebrity Beyond» (med 3 260) i Celebrity-flåten.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Celebrity Reflection» frå , den 17. september 2011.
Kategori:Cruiseskip Kategori:Celebrity Cruises-skip Kategori:Skip frå 2012