Tonight er det 16. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 24. september 1984 på EMI America Records. Det var oppfølgjaren til den største salssuksessen hans, Let's Dance (1983), og vart skriven og spelt inn i midten av 1984 i Le Studio i Morin-Heights i Canada, etter at Serious Moonlight-turneen var over. Musikken på Tonight er blitt skildra som pop, blue-eyed soul, dance og rock. Mykje av stilen på albumet er den same som på føregangaren, fordi Bowie prøvde å halde på det nye publikummet han nyleg hadde fått, sjølv om somme songar var inspirert av R&B og reggae.
Bowie, Derek Bramble og Hugh Padgham produserte albumet. Mykje av den kreative prosessen til Bowie var den same som han hadde brukt på Let's Dance. Mange av dei same musikarane frå Let's Dance og Serious Moonlight-turneen spelte på Tonight, med nokre få tillegg. Som føregangaren spelte ikkje Bowie sjølv nokre instrument på Tonight, og kom i staden med hint til musikarane under innspelinga. Bowie hadde få nye idear etter turneen og skreiv berre to nye songar sjølv. Tre songar, inkludert tittelsporet, var tidlegare Iggy Pop-songar. Han var til stades på det meste av innspelinga og var medlåtskrivar på fleire spor. Tina Turner syng på tittelsporet.
Med hjelp frå singlane «Blue Jean», tittelsporet og «Loving the Alien», vart Tonight ein salssuksess og gjekk til topps på UK Albums Chart. Men det fekk stort sett dårleg kritikk frå kritikarane, og dei fleste merka seg mangelen på kreativitet. Etter at det enste albumetNever Let Me Down (1987), òg vart slakta i musikkpressa, fortalte Bowie seinare at han var misnøgd med denne perioden, og meinte at Tonight ikkje var blant det beste han hadde gjort. Bowie turnerte ikkje for å marknadsføre albumet og spelte berre «Loving the Alien» og «Blue Jean» på seinare turnear. Biografane til Bowie og kritikarane reknar generelt Tonight som eit av dei svakaste albuma hans. Albumet vart ommastra i 2018 som ein del av plateboksen Loving the Alien (1983–1988).
Bakgrunn og utvikling David Bowie gav ut det 15. studioalbumet sitt, Let's Dance i april 1983. Det var ein stor kommersiell suksess, og gjorde Bowie til verdsomfattande superstjerne. Han marknadsførte albumet med Serious Moonlight-turneen frå mai til desember 1983. Sjølv om turneen vart ein stor suksess, har Bowie sidan sagt at han hadde blanda kjensler for turneen, og forstod at han ikkje lenger kjende publikummet sitt. På grunn av stress under Serious Moonlight-turneen, kjende ikkje Bowie seg lenger kreativ. Han sa seinare at han turnering alltid gjorde han blotta for nye idear. Då turneen var over drog Bowie på ferie til Bali og Java med venen sin, songaren Iggy Pop. Biografen Nicholas Pegg skreiv at fram til suksessen Bowie fekk med «China Girl», hadde formuen til Pop gradvis minka sidan 1979 og han var tvungen til å turnere heile tida. Etter ferien i lag var Bowie lysten på å arbeide med Pop på det neste albumet sitt. Sjølv om Bowie ikkje kjende seg klar for å spele inn eit nytt album, førte press frå plateselskapet hans til at han drog i studio våren 1984 uførebudd.
Etter utgjevinga av Let's Dance, sa Bowie at han ønskte at den neste plata hans «gjekk lenger». Han ønskte å utforske R&B, funk og reggae. Bowie inviterte ikkje med seg Nile Rodgers, som var medprodusent på Let's Dance, til å arbeide på den nye plata. Sjølv om Rodgers først var overraska, sa Rodgers seinare at Bowie ønskte å bevise at han kunne skape hittar sjølv, utan ein «kjend hit-skapar». Bowie valde i staden Derek Bramble, ein tidlegare bassist i bandet Heatwave og kort tid før produsent for David Grant frå bandet Linx i staden for. «Eg hadde inga aning, han berre leita etter meg,» sa Bramble seinare. Som han hadde gjort med Rodgers Let's Dance, tok Bowie med seg Bramble til Mountain Studios i Montreux i Sveits, for å spele inn demoar av dei nye songane. Med vekt på reggae var ei gruppe lokale sveitsiske musikarar med på innspelinga av demoane. I følgje biografen Chris O'Leary sa musikarane som var med på innspelinga av demoane til Tonight at dei var «utrulege», og skildra dei som «funky, rå og full av lovnad».
Lydteknikaren på Let's Dance, Bob Clearmountain, vart spurt om å bidra, men kunne ikkje og føreslo Hugh Padgham, som hadde arbeidd med XTC, Genesis, Peter Gabriel, og meir nyleg The Police som produsent. Padgham sa seinare at han hadde blanda kjensler om å arbeide utelukkande som lydteknikar, men aksepterte at Bowie ønskte å arbeide slik. Padgham føreslo Le Studio i Morin-Heights i Canada, der han nyleg hadde vore med The Police.
Låtskriving og innspeling
Innspelinga for det nye albumet byrja offisielt i Le Studio i mai 1984, mindre enn fem månader etter Serious Moonlight-turneen. Bowie kom til innspelinga med åtte av dei ni songane som kom til å kome ut på albumet. Dette overraska samarbeidspartnaren Carlos Alomar, som sa «det var første gongen på dei elleve åra at eg har vore med han fyren at han faktisk hadde med seg noko». Alomar, og dei fleste musikarane frå Let's Dance og turneen, var med på plata, i tillegg til nykomarane Mark Pender, Curtis King og Guy St Onge. Pegg skreiv at bidraga til Onge på marimba gav albumet «sin mest markante, instrumentale identitet». Saksofonseksjonen vart kalla «The Borneo Horns», slik dei var blitt på den føregåande turneen. Som Let's Dance, men i motsetnad til alle tidlegare Bowie-album, spelte ikkje Bowie sjølv eit einaste instrument på albumet, og han delegerte nesten alt ansvaret for musikken spelt av musikarane sine, og kom sjølv berre stundom med kommentarar til det dei gjorde. Han sa på den tida: «Eg let stort sett alle får gjere som dei ønskte. Eg kom berre inn med songane og ideane og korleis dei skulle spelast, før eg såg på når dei sette alt saman. Det var flott!!»
mini|upright=0.7|venstre|Iggy Pop (avbilda i 1987) var til stades under innspelingane og samarbeidde med Bowie på fleire spor. Iggy Pop var mykje i studio under innspelingane og sa «eg arbeidde mykje på det albumet. Det er langt meir arbeid der enn berre medlåtskrivar på to songar og somme av dei gamle greiene.» Bowie sa om samarbeidet: «Me arbeidde ganske likt slike me gjorde på Lust for Life og The Idiot. Eg gav han ofte eit par ankerpunkt som han kunne leike med og han tok dei med seg og byrja å assosiere fritt, før eg tok det og sette det saman på ein måte som eg kunne syngje.» Samarbeide deira resulterte i «Tumble and Twirl» og «Dancing with the Big Boys», som vart skriven og spelt inn på åtte timar medan dei egga kvarandre opp. I det som vart skildra som «eit spanande rush», drog Bowie og Pop «i studio med eit par flasker øl og skreik bokstaveleg talt ut alt dei kom på,» sa Padgham. «Og eg berre spelte inn alt saman.» I følgje Padgham skreiv dei to mange songar som ikkje kom med på albumet. Han skildra desse songane som «meir til venstre» og «mindre popaktige».
Tina Turner syng gjestevokal på albumet i ein duett med Bowie på tittelsporet. Unnder innspelinga song Bowie og Turner andlet mot andlet, sjølv om Bowie sidan gjekk attende og spelte inn att det første verset sitt då han fann ut at han ønskte å syngje det i ein høgare oktav. Turner hadde nettopp gjeve ut det særs suksessrike comeback-albumet sitt, Private Dancer, tidlegare på året, der ho hadde spelt inn ein versjon av Bowie-songen «1984». Seinare i 2004, sa Turner at Bowie redda karrieren hennar då ho sleit med vald i heimen. I 1983 klarte Bowie å få Turner signert ein ny kontrakt med Capitol Records, som førte til comebacket hennar.
Innspelinga var problematisk. Padgham sa seinare til biografen David Buckley at Bramble hadde for vane å be om «unødvendige ekstraopptak ». Etter eit vokalopptak, føreslo Bramble eit nytt opptak, medan han og Bowie insisterte på at eitt var nok. Padgham trur at Bramble ikkje var «vant til at nokon kunne syngje inn vokalen på berre eitt forsøk». Alomar sa seinare: «Bramble var ein verkeleg fin fyr, men han visste ingenting om produsering.» Padgham sa seinare i ein dokumentar på BBC Radio 2 at det var ein «krangel» med Bramble mot sluten av innspelinga, som førte til at han drog og Padgham tok over som produsent. Padgham hata mange av songane, særskild «Blue Jean» og tittelsporet, som han meinte var «for popaktige», og føretrekte dei «meir søkte» komposisjonane som ikkje kom med på albumet. Han sa seinare at han angra på at han «ikkje hadde ballar» til å fullføre dei andre songane og sa til Buckley: «Kven er eg som kan sei til Mr. David Bowie om at songane hans sug?»
Songar Kommentatorar har skildra Tonight som pop, blue-eyed soul, dansemusikk og rock. Stilen på plata er samanlikna med Let's Dance og Serious Moonlight-turneen. Bowie gjorde dette med vilje fordi han meinte at den nye fansen han nyleg hadde fått, venta å høyre det same på det nye albumet som dei hadde høyrt før. Av ni songar på albumet var Bowie den einaste låtskrivaren på berre to songar, «Loving the Alien» og «Blue Jean». To av dei, «Tumble and Twirl» og «Dancing with the Big Boys», var skrivne i lag med Iggy Pop, og dei andre fem songane er coverversjonar, tre opphavleg av Pop: «Don't Look Down», «Tonight» og «Neighborhood Threat». Ein coversong var The Beach Boys-songen «God Only Knows» frå 1966, som i følgje Pegg stod på lista til Bowie for albumet Pin Ups i 1973. Bowie sa «eg trur [Tonight] gav meg ein sjanse, som Pin Ups gjorde nokre år sidan, å spele inn nokre coversongar eg alltid hadde hatt lyst til å gjere.» Den siste coversongen er Jerry Leiber og Mike Stoller-sin «I Keep Forgettin'», opphavleg gjort kjend av Chuck Jackson.
Side ein Bowie skildra «Loving the Alien» som særs personleg og følte at han ikkje passa inn med resten av albumet fordi han var så mørk innimellom dei lettare songane. Han sa, «'Alien' kom til fordi eg kjenner at så mykje historie er feil - som ein ser igjen og igjen – og at me baserer så mykje på feil kunnskap.» Alomar meinte songen «hadde å gjere med Major Tom», noko Bowie har avvist. Teksten er religionsbasert og politisk ladd. Pegg meinte det var ein flott song, men syns han var tynga ned av «overdriven produksjon». Bowie sa seinare at demoen var langt betre. Bowie si omarbeiding av «Don't Look Down» er inspirert av reggae. Han hadde prøvd å gjere songen på ulikt vis, som jazzrock, marsj og ska, men følte ikkje at nokre av dei fungerte. O'Leary kritiserte versjonen til Bowie og meinte han tar bort all «krafta» i originalversjonen til Pop. Buckley syns på den andre sida at versjonen var «superkul».
mini|upright=0.7|Tina Turner (avbilda i 1985) er gjestsongar på tittelsporet. Bowie si utgåve av «God Only Knows» omfattar strykarar og saksofon, medan han song vokalen som ein smørsongar. Sjølv om Bowie var defensiv om innspelinga i eit intervju med Charles Shaar Murray i 1984, både Pegg og O'Leary rekna Bowie si utgåve som «den verste innspelinga han nokon gong gjorde». Buckley kallar han ein av to «nadir» på plata og ei «badetisk tolking». For tittelsporet fjerna Bowie den talte introduksjonen til Pop og kalla det ei «særeigen greie for Pop som ikkje verka å vere ein del av mitt vokabular.» Bowie si utgåve, sungen i duett med Tina Turner, er reggae-inspirert. Vokalen hennar er plassert lågt i miksen, som O'Leary meiner «ikkje gjev ho eit inngangspunkt». Trass i at versjonen har fått mykje kritikk, likte Kurt Loder i Rolling Stone versjonen til Bowie då han kom ut, og kalla det «ein av dei vakraste spora han nokon gong har spelt inn».
Side to