«Miracle Goodnight» er ein song av den engelske musikaren David Bowie frå albumet Black Tie White Noise frå 1993, og var den tredje singelen frå albumet. Singelen kom ut i oktober 1993.

Medan dei to førre singlane frå albumet, «Jump They Say» og «Black Tie White Noise», dekte tema som psykisk helse og juridisk urettferd, omhandla «Miracle Goodnight» eit av dei andre emna som gjekk att på albumet: kjærleiken Bowie hadde for den nye kona si Iman Abdulmajid. Han erklærte heile albumet ei «bryllaupsgåve» for Iman.

Det vart laga ein video til songen regissert av Matthew Rolston med Bowie som er urørt av eit harem av vakre kvinner medan han syng til kamera, i tillegg til scener av han i eit hoffnarrkostyme, der han leikar med speglar, utkledd som ein pantomimikar. Ein kan òg sjå eit kort glimt av motestilen hans som The Thin White Duke frå 1976. «Miracle Goodnight» hadde den same, store mengda med remiksar som dei andre singlane hadde hatt og nådde 40. plassen på singellista i Storbritannia.

Critical reception Alan Jones frå Music Week skreiv «Dette er ein av dei meir attraktive songane på Black Tie White Noise, ein uvanleg og intim affære med glimt av den gamle Bowie i mot-harmoniane.»

Innhald Alle songar av Bowie

7": Arista-BMG / 74321 16226 7 (Nederland) «Miracle Goodnight» – 4:14 «Looking for Lester» – 5:36

12": Arista-BMG / 74321 16226 1 (Nederland) «Miracle Goodnight» (Blunted 2) – 8:12 «Miracle Goodnight» (Make Believe Mix) – 4:14 «Miracle Goodnight» (2 Chord Philly Mix) – 6:22 «Miracle Goodnight» (Dance Dub) – 7:50

CD: Arista-BMG / 74321 16226 2 (Nederland) «Miracle Goodnight» – 4:14 «Miracle Goodnight» (2 Chord Philly Mix) – 6:22 «Miracle Goodnight» (Masereti Blunted Dub) – 7:40 «Looking for Lester» – 5:36

Digital nedlasting «Miracle Goodnight» – 4:15 «Miracle Goodnight» (2 Chord Philly Mix) – 6:25 «Miracle Goodnight» (Masereti Blunted Dub) – 7:43 «Miracle Goodnight» (Make Believe Mix) – 4:30

Medverkande Produsentar Nile Rodgers

Remix-produsent Tony Maserati og Robert Holms for Two Chord Music

Musikarar David Bowie – vokal, saksofon på «Looking for Lester» Nile Rodgers – gitar Barry Campbell – bass Sterling Campbell – trommer Richard Hilton – klaverinstrument Lester Bowie – trompet Mike Garson – piano på «Looking for Lester»

Andre utgjevingar «Make Believe Mix» av songen vart gjeven ut på bonusplata som følgde 2003-utgåva av Black Tie White Noise. Det var første gongen denne miksen var tilgjengeleg på CD.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Miracle Goodnight» frå , den 13. september 2021. oppgav desse kjeldene: Black Tie White Noise Limited Edition DVD, 2004 Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000,

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Nile Rodgers Kategori:Songar frå 1993 Kategori:Arista Records-singlar