The Buddha of Suburbia er eit filmmusikkalbum frå 1993 av den engelske musikaren David Bowie inspirert av miniserien The Buddha of Suburbia som opphavleg gjekk på BBC2, basert på romanen The Buddha of Suburbia av Hanif Kureishi. Sjølv om det er klassifisert som eit «lydsporalbum», er det berre tittelsporet som faktisk vart nytta i serien.

Albumet kom ut mellom Black Tie White Noise (1993) og Outside (1995). Det var produsert og miksa i Mountain Studios (Montreux) i Sveits og tok i følgje Bowie berre seks dagar å skrive og spele inn, og femten dagar å mikse på grunn av tekniske problem.Bowie, David. The Buddha of Suburbia liner notes (BMG International, 1994) (available at Bassman's David Bowie page )

Bakgrunn Under den korte presseturneen til Bowie for Black Tie White Noise tidleg i 1993, snakka han med Hanif Kureishi, som føreslo at Bowie kunne skrive musikk for den komande miniserien hans The Buddha of Suburbia for BBC. Musikken Bowie laga var korte «motiv – kombinasjonar av gitar, synthesizer, trompet, perkusjon og sitar.» Etter ein kom fram til at musikken ikkje passa for showet, gjekk Bowie attende til den nye musikken i lag med Erdal Kizilcay, og omforma songane ved å forvrenge dei, spele dei inn på ny og leggje til vokalmelodiar til songane. Berre tittelsporet var uendra frå det originale lydsporet. Albumet vart klassifisert og gjeve ut som eit filmusikkalbum i november 1993.

Seinare i 1990-åra vurderte Bowie å spele inn «Dead Against It» på ny, ein av songane frå dette albumet, under både Outside i 1995 og Earthling i 1997, men om han vart spelt inn kom han ikkje ut på ny.

Sletting Trass i at Bowie trekte albumet fram som favorittalbumet hans var både den europeiske versjonen frå 1993 og den amerikanske versjonen frå 1995 ute av opplag i mange år. Eller som Bowie sa det «Sjølve albumet fekk berre ei enkelt melding, ei god melding faktisk, og det eksisterer i røynda ikkje i katalogen min - det var klassifiset som eit lydspor og fekk overhovudet ingenting til marknadsføring. Ei stor skam.»

Albumet kom ut på ny 17. september 2007,BowieNet news 19. June 2007 , henta 14. september 2021. i Storbritannia og 2. oktober 2007Amazon.com: Buddha of Suburbia, retrieved 5. 9. 2007 i USA.

Inspirasjonar På den europeiske versjonen av albumet skreiv Bowie omfattande notat om emna og produksjonsteknikkane som vart nytta, og avslører ei liste over 'restar frå 1970-åra' som inspirasjon for songane hans. Lista omfatta dei følgjande referansane:

Tekstar etter fri assosiasjon, Pink Floyd, Harry Partch, kostyme, bluesklubbar, Unter den Linden, Brucke Museum, Pet Sounds, vener av Krays, Roxy Music, T-Rex, The Casserole, Neu!, Kraftwerk, Bromley, Croydon, Eno, postituerte & Soho, Ronnie Scott's Club, reiser gjennom Russland, einsemd, O'Jays, Philip Glass i New York-klubbar, Die Mauer, dop.

Innhald

Medverkande David Bowie – vokal, klaverinstrument, synth, gitar, alt- og barytonsaksofon, klaverperkusjon, produksjon Erdal Kızılçay – klaverinstrument, trompet, bass, gitar, trommer, perkusjon 3D Echo (Rob Clydesdale, Gary Taylor, Isaac Daniel Prevost) – trommer, bass, gitar på «Bleed Like a Craze, Dad» Mike Garson – piano på «Bleed Like a Craze, Dad» og «South Horizon» Lenny Kravitz – gitar på «Buddha of Suburbia» (rockemiks) David Richards – programmering, lydteknikar, miksing, produksjon Mike Ruggieri – pianoinnspeling Dominik Taqua – assisterande lydteknikar John Jefford, BBC – fotografi David og Anne Hardy (Wybo Haas) – design

Utgjevingar Albumet kom først ut i Storbritannia med omfattande platenotat av Bowie som ikkje var med på den seinare amerikanske utgåva. Albumet kom ut med eit alternativ omslag i USA først den 24. oktober 1995 Arista/BMG gav ut ei spesialutgåve av albumet i ein gjennomsiktig plastboks, i lag med boka til Hanif Kureishi. Katalognummeret er Arista/BMG 74321-17822. Virgin/EMI gav ut albumet på ny i 2007.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Buddha of Suburbia (soundtrack)» frå , den 13. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Album produserte av David Bowie Kategori:Album produserte av David Richards Kategori:Filmusikkalbum av David Bowie Kategori:Virgin Records-album Kategori:Filmmusikkalbum frå 1993 Kategori:Engelske ambient-album