«Dead Man Walking» er ein song skriven av David Bowie og Reeves Gabrels og gjeven ut på singel frå albumet Earthling i 1997. Han nådde 32. plassen på den britiske singellista.
Gitarriffet som var nytta i starten av songen går heilt attende til midten av 1960-åra då Jimmy Page lærte det bort til Bowie.«Changes 2.1» by Joe Gore, Guitar Player magazine, 1997. juni pp 45–58 «Jimmy sa, 'Eg har dette riffet og eg kan ikkje gjere noko med det. Vil du ha det?'» fortalte gitaristen Reeves Gabrels. «Det høyrest ganske Page-aktig ut, som ein mutert Johnny Burnette Trio-sak.» Bowie nytta det først på songen «The Supermen» i 1970, og henta det att over 25 år seinare på «Dead Man Walking».
Versjonar og remiksar Tittel Miks og ekstra produksjon Lengd Albumversjonen Mark Plati 7:26 Edit Mark Plati 4:01 Moby Mix 1 Moby 7:31 Moby Mix 2 Moby 5:25 House Mix Moby 6:00 This One's Not Dead Yet Remix Danny Saber 6:28 Vigor Mortis Remix Danny Saber 6:29
Singelen
2-spors CD «Dead Man Walking (edit)» – 4:01 «Dead Man Walking (albumversjon)» – 6:50
Utgjeve 21. mars 1997 i Nederland av BMG.
Arista / 74321 47480 2 (EU) «Dead Man Walking (Moby mix)» – 7:31 «Dead Man Walking (albumversjon)» – 6:50 «I'm Deranged (Jungle mix)» – 7:00
Utgjeve 21. mars 1997 i Nederland av BMG.
CD: Arista / 74321 47614 2 (EU) «Dead Man Walking (Moby mix)» – 7:31 «Dead Man Walking (House mix)» – 6:00 «Dead Man Walking (This One's Not Dead Yet Remix)» – 6:28 «Dead Man Walking (Vigor Mortis Remix)» – 6:29
Utgjeve 24. mars 1997 i Nederland av BMG.
CD: RCA / 74321 47584 2 (Storbritannia) «Dead Man Walking (singelversjon)» – 4:01 «I'm Deranged (Jungle mix)» – 7:00 «The Hearts Filthy Lesson (Good Karma mix)» – 5:00
Utgjeve 14. april 1997 i Storbritannia av RCA og BMG.
CD: RCA / 74321 47585 2 (Storbritannia) «Dead Man Walking (albumversjon)» – 6:50 «Dead Man Walking (Moby mix 1)» – 7:31 «Dead Man Walking (House mix)» – 6:00 «Dead Man Walking (This One's Not Dead Yet Remix)» – 6:28
Utgjeve 14. april 1997 i Storbritannia av RCA og BMG.
CD: Arista / 74321 47614 2 (Australia) «Dead Man Walking (singelversjon)» – 4:01 «Dead Man Walking (Moby mix 1)» – 7:31 «Dead Man Walking (House mix)» – 6:00 «Dead Man Walking (This One's Not Dead Yet Remix)» – 6:28 «Dead Man Walking (Vigor Mortis Remix)» – 6:29
Utgjeve 28. april 1997 i Australia av BMG.
Arista / BVCA-8845 (Japan) «Dead Man Walking (singelversjon)» – 4:01 «Dead Man Walking (House mix)» – 6:00 «Dead Man Walking (This One's Not Dead Yet Remix)» – 6:28 «I'm Deranged (Jungle mix)» – 7:00
Utgjeve mai 1997 i Japan.
Britisk 12" vinyl «Dead Man Walking (House mix)» – 6:00 «Dead Man Walking (Vigor Mortis Remix)» – 6:29 «Telling Lies (Paradox mix)»
Italiensk 12" vinyl «Dead Man Walking (Moby mix 1)» – 7:31 «Dead Man Walking (House mix)» – 6:00 «Dead Man Walking (This One's Not Dead Yet Remix)» – 6:28 «Dead Man Walking (Vigor Mortis Remix)» – 6:29
Minst seks andre promosinglar vart gjevne ut.
Medverkande David Bowie – produksjon, låtskrivar, vokal, sampling
Musikarar Gail Ann Dorsey – bassgitar, korvokal Zachary AlfordDiscogs - Zachary Alford - (profile & discography) – trommer Mike Garson – klaverinstrument, piano Mark Plati – trommesløyfer, elektronisk perkusjon, produksjon, programmering, samplingar Reeves Gabrels – produksjon, låtskrivar, programmering, gitar, vokal
Konsertopptak Bowie spelte ein akustisk versjon av songen på Late Night with Conan O'Brien med Reeves Gabrels. Denne kom seinare ut på showet si samleplate kalla Live from 6A. Då Bowie døydde i januar 2016 sendte Conan O'Brien denne framføringa mot slutten av showet, til minne om Bowie. Ei anna konsertutgåve spelt inn i Fort Apache Studios, 8. april 1997, vart kringkasta på WBCN. Åre etter kom denne versjonen ut på albumet WBCN Naked Too. Bowie spelte ein annan akustisk versjon av «Dead Man Walking» på ein konsert på Smith's Olde Bar i Atlanta i Georgia den 4. august 1997, for den alternative rockestasjonen. 99X gav seinare ut opptaket på plata 99X Live ] IV «Home».
Salslister Lister (1997)PlasseringOfficial Charts Singles UK32
Andre utgjevingar Han vart nytta i 1997 på filmen The Saint. To Moby-miksar kom ut som bonusplate i 2004 på Digibook Expanded Edition av Earthling.
Bruk i andre media «Dead Man Walking» vart nytta som introduksjon for «Lo Que Queda del Día», eit nyhendeprogram som gjekk om ettermiddagane på den chilenske Radio Cooperativa. Han vart òg nytta i filmmusikken til The Saint. Han vart nytta som kjenningsmelodi for tidlege episodar av MTV-programmet Making The Video.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dead Man Walking (song)» frå , den 18. september 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:David Bowie-songar Kategori:Singlar frå 1997 Kategori:Musikkvideoar regisserte av Floria Sigismondi Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar skrivne av Reeves Gabrels Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar frå 1997