1876 (romartal MDCCCLXXVI) var eit skotår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen og eit skotår som byrja på ein tysdag i den julianske kalenderen.
Hendingar mini|Måleriet Bal du moulin de la Galette frå 1876 av Pierre-Auguste Renoir.
Utlandet
28. februar: Den tredje karlistkrigen i Spania enda då karlistpretendenten Don Carlos drog i eksil til Frankrike. 10. mars: Alexander Graham Bell utførte den fyrste telefonsamtalen. 20. mars: Louis De Geer blei den fyrste statsministeren av Sverige. 30. mai: Abdülaziz blei avsett som sultan av Det osmanske riket av nevøen sin, som blei Murad V. 6 dagar seinare blei Abdülaziz funnen død i Çırağanpalasset i Istanbul. 93 dagar seinare blei Murad avsett av broren Abdul Hamid II. På grunn av dette er 1876 kjent i Tyrkia 1876 som ‘året med tre sultanar’. 1. april: Lars Magnus Ericsson skipa ein liten mekanisk verkstad i Stockholm i Sverige som handsama telegrafiutstyr. Verksemda utvikla seg etterkvart til det fleirnasjonale selskapet Ericsson. 2. mai: Apriloppreisten mot det osmanske styret braut ut i Bulgaria. 17. mai: Nicolaus Otto søkte om patent på firetaktsmotoren sin med indre forbrenning. 4. juni: Transcontinental Express nådde San Francisco via Den transamerikanske jernbanen, den fyrste transkontinentale jernbanen, 83 timar og 39 minutt etter å ha forlate New York by. 1. august: Delstaten Colorado blei oppretta og innlemma i staten USA. oktober: Ein tropisk syklon råka det som i dag er Bangladesh og førte til at kring menneske døydde. 29. november: Porfirio Díaz blei president av Mexico.
Noreg 24. februar: Peer Gynt av Henrik Ibsen med musikk av Edvard Grieg hadde scenepremiere i Christiania. 25. februar: Kristoffer Nilssen Svartbekken vart avretta ved halshogging, som den siste i Noreg. 1. juli: Statistisk sentralbyrå vart oppretta.
Fødde
5. januar: Konrad Adenauer, tysk politikar 12. januar: Jack London, USA-amerikansk forfattar 8. februar: Paula Modersohn-Becker, tysk målar 2. mars: Pave Pius XII, italiensk religionsleiar 4. april: Maurice de Vlaminck, fransk målar 22. april: Ole Edvart Rølvaag, norsk-amerikansk forfattar 8. mai: Ludvig Karsten, norsk målar 21. november: Olav Duun, norsk forfattar 23. november: Manuel de Falla, spansk komponist 25. desember: Muhammad Ali Jinnah, pakistansk politikar
Døde mini|portrett|Josefine av Noreg og Sverige i 1874.
8. juni: George Sand, fransk forfattar og feminist 7. juni: Josefine av Noreg og Sverige, svensk og norsk dronning 27. juni: Harriet Martineau, engelsk samfunnsteoretikar og forfattar 1. juli: Mikhail Bakunin, russisk forfattar og anarkist 20. juli: Hans Riddervold, norsk embetsmann 27. juli: Fel-Jakup, norsk musikar 8. august: Adolph Tidemand, norsk målar 27. august: Eugène Fromentin, fransk målar 31. desember: Catherine Labouré, fransk nonne og visjonær
Kjelder