LiveAndWell.com er eit konsertalbum av David Bowie som kom ut i eit avgrensa opplag i 1999. Det vart ikkje tilgjengeleg for vanleg sal og berre medlemmar av BowieNet kunne få tak i albumet på den tida. Albumet bestod av innspelingar frå Earthling-turneen i 1997 med songar frå 1. Outside (1995) og Earthling (1997)

15. januar 2021 vart albumet gjeve ut på ny for vanleg sal.

Bakgrunn Etter den suksessrike Earthling-turneen, miksa Bowie, Reeves Gabrels og Mark Plati eit konsertalbum og meininga var å gje det ut kommersielt. Men Virgin, som var selskapet til Bowie på den tida, sette foten ned då det ferdige albumet vart sendt inn til dei seint i 1998. Under miksinga av dette konsertalbumet spelte Bowie og bandet òg inn songen «Fun» og ein versjon av Bob Dylan-songen «Tryin' to Get to Heaven». Some av desse konsertopptaka, i tillegg til ein remiks av songen «Fun», vart så tilgjengeleg for medlemmar på BowieNet for nedlasting før dei kom ut på LiveAndWell.com. Versjonen av «Tryin' to Get to Heaven» vart spelt ein gong på spansk radio og var utilgjengeleg i over 20 år før han kom ut tidleg i 2021 på ein avgrensa 7" vinylsingel. «Fun» kom ikkje ut på over 20 år, før han kom ut på CD-utgåva av Is It Any Wonder? (EP) (2020).

Sporlista for albumet inneheld ein feil i følgje Bowie-biografen Nicholas Pegg: «The Hearts Filthy Lesson» står oppført som eit opptak frå Phoenixfestivalen i 1997, medan han i røynda er frå Phoenixfestivalen i 1996.

Utgjevingar Albumet kom ut på CD på ny i 2000 med ei bonusplate som bestod av fire sjeldne remiksar, som ikkje har kome ut på ny sidan den gongen. Albumet vart gjeve ut digitalt 15. mai 2020 utan denne andre CD-plata, sjølv om remiksen av «Fun» sidan kom ut separat for digital nedlasting. Den digitale nyutgjevinga inneheld to songar frå Earthling-turneen, då Bowie og bandet spelte under pseudonymet «Tao Jones Index».

I januar 2021 kom LiveAndWell.com ut på vinyl og CD, igjen utan den andre CD-plata med remiksar som ein del av plateboksen Brilliant Live Adventures.

Mottaking Pegg kalla albumet eit «vakkert miksa og særs imponerande minne av ei konsertoppleving med Bowie frå midten av 1990-åra».

Innhald

Medverkande David Bowie – vokal, gitar, saksofon Reeves Gabrels – gitar, vokal Gail Ann Dorsey – bass, vokal, klaverinstrument Zack AlfordDiscogs - Zachary Alford - (profile & discography) – trommer Mike Garson – klaverinstrument, synthesizer, piano

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «LiveAndWell.com» frå , den 19. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konsertalbum av David Bowie Kategori:Konsertalbum frå 1999 Kategori:Album spelte inn i Radio City Music Hall