Friedrich (Fritz) Sämisch (), fødd og død i Berlin, var ein tysk stormeister i sjakk. Han var blant dei første 27 som Verdssjakkforbundet FIDE utnemnde til stormeister i sjakk i 1950, i hans tilfelle for sterke turneringsresultat på 1920-talet.

Utvalde turneringsresultat 2-plass i Berlin 1920 1-plass i Wien, Austerrike i 1921 - meister i den første, uoffisielle sjakkmeisterskapen for Austerrike, framom Euwe, Breyer, Grünfeld og Tartakower 2-plass i Hamburg 1921 delt 2-plass med Tartakower, etter Nimzowitsch, i København 1923 3-plass i Baden-Baden 1925, etter Alexander Alekhine og Akiba Rubinstein delt 1-plass med sir George Thomas i Spa, Belgia 1926 1-plass i Dortmund 1928, framom Réti, Johner og Bogoljubow delt 1-plass med Réti i Brünn 1928 1-plass i Swinemünde 1930

I 1922 vann han ein tvikamp i Berlin mot Réti (+ 4 – 1 = 3).

Det er mogleg at det best kjende Sämisch-partiet er eit han tapte, mot Nimzowitsch i København i 1923, det såkalla udødelege trekktvang-partiet. Men han hadde også mange vakre vinstparti, eit av dei var sigeren mot Grünfeld i Carlsbad 1929, som han fekk ein venleikspris for. I same turneringa vann han også mot den tidlegare verdsmeisteren i sjakk Capablanca. Cubanaren miste ein offiser i opninga, men gav likevel ikkje opp - noko som er vanleg i sjakkparti mellom spelarar på dette nivået. Sämisch rodde likevel sigeren i hamn.

Då han var 73 spelte Sämisch i Adolf Anderssen minneturnering i Büsum, Tyskland, og deretter i ei turnering i Linköping, Sverige - men tapte alle partia i begge turneringane fordi han overskreid tenketida si i partia.

Opningsteori Sämisch er i dag mest kjend for to viktige bidrag i sjakkopningsteori. To viktige variantar har hans namn, og blir altså begge kalla Sämisch-varianten: ein variant i kongeindisk forsvar: 1. d4 Sf6 2. c4 g6 3. Sc3 Lg7 4. e4 d6 5. f3 ein variant i Nimzo-indisk forsvar: 1. d4 Sf6 2. c4 e6 3. Sc3 Lb4 4. a3

Bakgrunnsstoff Sämisch sine parti hos chessgames.com

Kategori:Stormeistrar i sjakk Kategori:Tyske sjakkspelarar Kategori: Folk frå Berlin