Vevey er ein by i Sveits i kanton Vaud, på nordsida av Genfersjøen, nær Lausanne. Han var setet for distriktet Vevey fram til 2006, men er i dag ein del av distriktet Riviera-Pays-d'Enhaut. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 383 meter over havet.
Byen er ein viktig turist- og kurstad og har fleire årlege kunst- og kulturfestivalar, særleg innan musikk.
mini|venstre|Utsikt over Vevey og Genfersjøen
Hovudkvarteret til matvaregiganten Nestlé, grunnlagd i 1867, ligg i Vevey. Mjølkesjokoladen vart oppfunnen i Vevey av Daniel Peter i 1875.
Jean-Jacques Rousseau la handlinga i La Nouvelle Héloïse til området rundt Vevey. Charlie Chaplin heldt seg i Vevey dei siste leveåra sine, og ved strandpromenaden står ein Chaplin-statue.
Byen er første gongen nemnd av oldtidas greske astronom og filosof Klaudios Ptolemaios, som kalla han for Ouikos. Seinare var byen kjend under namn som Viviscus og Vibiscum.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vevey» frå , den 23. mars 2012.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (fransk) Bilete av Vevey og omliggande område
Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Vaud Kategori:Stader ved Genfersjøen