Lorentz Isidor Nybø () var ein norsk bladstyrar og typograf. Han gjekk i typograflære på Nordfjordeid frå han var 14 år. Han var typograf i Nordfjordeid, Trondheim og Kristiania.

I 1893 starta Nybø det radikale ungdomsbladet Unge Skud. Her var han svært hard i kritikken av makthavarane i samfunnet. Etter ein reportasje frå ein militærmanøver han var med på, vart han dømd til fengsel i 20 dagar for «respektstridig skrivemaade». Han sona straffa på Bergenhus festning. Nybø skreiv på dansk-norsk, som han hadde lært på skulen. Fleire av dei andre skribentane, som Jon Fridtun og Anders Vassbotn, arbeidde for at det frilynde ungdomsbladet burde redigerast på nynorsk.

I 1895 flytte Lorentz Nybø til Voss. Han heldt fram med å styre Unge Skud. Han vart etter kvart mindre krass og kritisk. Unge Skud vart organ for Norigs ungdomslag. I 1899 skifte bladet namn til Unglyden. På Voss vart han medeigar i avisa Hordaland. Nybø gav ut diktsamlingane Ungt blod og Bekkjesikl

Lorentz Nybø døydde av blyforgifting i 1912 på Voss.

Bibliografi Bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder Jon Tvinnereim: Unge Skud – ei radikal Nordfjord-avis i Årbok for Nordfjord 1979 Norsk Alkunnebok IX. Bandet 1959 Om Lorentz Nybø i Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz-Iversen. Naustdal : Sogn og Fjordane forlag, 1990. ISBN 8290576137

Bakgrunnsstoff Om Lorentz Nybø i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske redaktørar Kategori:Folk frå Flora Kategori:Forfattarar frå Flora Kategori:Norske lyrikarar