Rock 'n' Roll Animal er eit konsertalbum av den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i februar 1974 av RCA Records. Den opphavlege utgjevinga inneheldt fem songar frå forskjellige periodar i karrieren hans, inkludert fire songar opphavleg spelt inn av The Velvet Underground. Musikarane var Pentti Glan (trommer) og Prakash John (bass) som seinare vart ein del av det andre bandet Alice Cooper, Ray Colcord (tangentinstrument) og Dick Wagner og Steve Hunter på gitarar, som seinare danna stamma i det første solobandet til Alice Cooper.
Albumet vart spelt inn 21. desember 1973 i Howard Stein's Academy of Music i New York. Albumet nådde 26. plassen i Storbritannia og 45. plassen på Billboard 200 og låg inne på lista i 28 veker. Det gav Reed den første gullplata hans i USA i 1978.
Bakgrunn Paul Nelson i Rolling Stone var til stades på denne konserten. Han skreiv om Rock 'n' Roll Animal og oppfølgjaren, Lou Reed Live, som bestod av opptak frå den same konserten: «Eg hadde alt set Reed og eit middels bacnd på Lincoln Center nokre månader før under den første konserten hans utan Velvets i New York og han var tragisk på alle mogelege måtar. Så eg hadde ikkje høge forventningar til konerten i The Academy. Eg venta ikkje mykje og då dette nye bandet kom ut og byrja å spele spektakulær, til og med majestetisk rock and roll vart det tydeleg kva strategien for kvelden var: Å løfte den ureknelege og ustabile punkigheita i sentrum til slagkraftig, svimlande stordom ved hjelp av dei beste arrangementa, lyden og musikarane ein kunne kjøpe for pengar. Trimmingane, særskild gitaristane Dick Wagner og Steve Hunter, var fantastiske nok til at om Reed berre hadde vore kompetent nok, ville konserten bli ein suksess. Og det var det, som ein kan høyre på dei resulterande albuma. Bandet etterliknar ikkje den valdelege, hypnotiske, dop-transe staccato-krafta og undergrunnslyrikken til Velvet Underground, men vel heller ein hard, rein klår, nesten kongelig Mott the Hoople/Eric Clapton-overflod (Layla) og Reed syng dei fleste songane i effektive street-talk-stil. Animal, kom først og inneheld naturligvis dei beste songane («Intro/Sweet Jane», «White Light/White Heat», første halvdel av «Rock 'n' Roll»).»
Mottaking
Rolling Stone-redaktøren Timothy Ferris skildra Rock 'n' Roll Animal som «ei plate som må spelast høgt», og sa vidare: «Det er ikkje mykje som bakgrunnsmusikk, men på høgt volum kan det skaffe deg fiendar ei kvartmil unna. Rock 'n' Roll Animal er særs bra.»
Paul Morley skreiv i NME i 1979 at «Rock 'n' Roll Animal og Lou Reed Live var dei ultimate fornærmingane, der Reed øydela dei sjeldant vakre songane sine til klisjeaktige heavy metal-mutasjonar.»
I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) skreiv Robert Christgau «På sitt beste bringer konsertmusikken til Reed mykje av Velvets til arenaen i ei rein omdefinering av heavy metal, spanande utan å true med å bli dumt. 'Lady Day,' den langsame her, kunne ha vore ein livleg song på mange andre konsertar, dei Detroit-forma gitaristane Steve Hunter og Dick Wagner glir naturleg inn i kvarandre med unaturlege rytmar, og Reed romar utan å ofte noko vidd. Eg kunne klart meg utan at Hunter skal vise seg på 'Introduction,' og eg har alltid hatt reservasjonar mot 'Heroin,' men dette er eit konsertalbum det er verdt å leve for.»
Nye utgåver Ei nymastra utgåve kom ut på CD i 2000. Det inneheld to songar som ikkje var med på den originale plata.
Fleire utdrag frå den same konserten kom ut i 1975 som Lou Reed Live. Den nymastra utgåva av Rock 'n' Roll Animal og Lou Reed Live inneheld heile konserten, men i ei anna rekkjefølgje enn songane vart framførte på konserten. På dette konsertalbumet er gitaristen Dick Wagner i høgre kanalen og Steve Hunter i den venstre. Dette vart motsett på Lou Reed Live.
Innhald
Medverkande Henta frå plateomslaget til Rock 'n' Roll Animal. Lou Reed – vokal Steve Hunter – gitar Dick Wagner – gitar Prakash John – bass Pentti «Whitey» Glan – trommer Ray Colcord – klaverinstrument
Produksjon Steve Katz – plateprodusent Lou Reed – produsent Gus Mossler – lydteknikar Bruce Somerfeld – produksjonsassistent Ralph Moss – produksjonsassistent Acy Lehman – kunstnarisk leiar DeWayne Dalrymple – fotografi
Salslister Liste (1974)PlasseringAustralske Album (Kent Music Report)20
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rock 'n' Roll Animal» frå , den 1. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Album produserte av Lou Reed Kategori:Lou Reed-album Kategori:Konsertalbum frå 1974 Kategori:RCA Records-album Kategori:Album spelte inn i The Palladium i New York City Kategori:Protopunk-album