Meilen er eit av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg på nordbreidda av Zürichsjøen. Meilen ligg sør i kantonen, og har ei kort grense mot kantonen St. Gallen. Distriktet hadde 96 925 innbyggarar per 31. desember 2010, og dekker eit areal på 85 km2. Byen Meilen, som ligg i sentralt i distriktet, er hovudstad.
Distriktet omfattar elleve kommunar. Dei er Erlenbach, Herrliberg, Hombrechtikon, Küsnacht, Männedorf, Meilen, Oetwil am See, Stäfa, Uetikon am See, Zollikon og Zumikon.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Meilen (Bezirk)» frå , den 5. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Meilen