Animal Serenade er eit konsertalbum av Lou Reed spelt inn i Los Angeles på Wiltern Theatre i 2003 etter The Raven. Arrangementa var enkle, utan trommer og med seg hadde han Mike Rathke på gitar/synth, bassist Fernando Saunders og Jane Scarpantoni på cello. I tillegg medverkar Antony Hegarty frå Antony and the Johnsons med korvokal på heile albumet og syng solo på «Set The Twilight Reeling» og «Candy Says».
Tre songar til vart framført på konsert, men kom ikkje med på albumet: «Sweet Jane», «The Last Shot» og «Perfect Day» (sungen i duett med Antony). «Sweet Jane» er tilgjengeleg via digital nedlasting.
Animal Serenade vart produsert av Lou Reed og Fernando Saunders.
Innhald
Medverkande Lou Reed: vokal, elektrisk & akustisk gitar Mike Rathke: elektrisk & akustisk gitar, Ztar synthesizer, gitarsynthesizer Fernando Saunders: elektrisk & akustisk bass, Roland-trommer, gitar, vokal på «Tell It to Your Heart» & «Revien Cherie», scat på «Sunday Morning» Jane Scarpantoni: cello Antony Hegarty: vokal på «Call on Me», «Set the Twilight Reeling» & «Candy Says», korvokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Animal Serenade» frå , den 11. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Lou Reed-album Kategori:Konsertalbum frå 2004 Kategori:RCA Records-album Kategori:Album spelte inn i The Wiltern Theatre