thumb|Moské i Rasht. Illustrasjon frå 1866. Rasht eller Resht er ein by nordvest i Iran som er provinshovudstad i Gilan. Han har 467 700 innbyggjarar (2004). Byen ligg 15 km søraust for Anzalı-lagunen i Kaspihavet, og er eit regionalt handelssenter gjennom hamna der, Bandar-e Anzali. Rasht er også eit viktig turistmål.
I tillegg til handel omfattar næringslivet i byen tekstilindustri, næringsmiddel- og glasindustri. Universitetet i Rasht blei grunnlagd i 1977.
Språket i området er guilaki, som er rekna som ein dialekt av persisk.
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Rasht» frå , den 12. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Bilde på Guilan.net Informasjonssenter for Rasht Iran Chamber Society: Rasht Iran Chamber of commerce, Industries & Mines: Gilan Encyclopedia of the Orient Info Please
Kategori:Byar i Iran Kategori:Gilan