Johannes Christiansen () var ein norsk underoffiser, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Askim. Han var medlem av Venstre.
Christiansen var son til ein gardbrukar. Sjølv tok han i 1871 eksamen som underoffiser ved artilleriskulen. Frå 1872 var han sersjant i artilleriet, steig til kommandersersjant i 1889. Han tok over farsgarden Svae i Askim og dreiv han til 1889. Det året vart han lensmann i Skiptvet og flytta dit. Året etter, 1890, kjøpte han garden Vister der av svigerfaren og dreiv sidan denne. Han var lensmann i Skiptevt fram til 1913.
Christiansen var medlem av heradsstyret i Askim frå 1876 til -89, dei to siste åra var han ordførar. Han var formann i skulestyret i Skiptevt frå 1896 til 1897. Perioden 1900-03 var han 1. representant frå Smaalenenes amt på Stortinget. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Smaalenenes amt Kategori:Ordførarar i Skiptvet Kategori:Venstreordførarar i Østfold Kategori:Folk frå Askim