LoMsk er ei norsk folkrock-gruppe frå Lom kommune i Gudbrandsdalen. Bandet var stifta i 1982 av mellom andre Lars og Hans Bakke. Lars Bakke er sentral i bandet, og skriv det meste av tekstar og melodiar. Tekstane er skrivne på dialektprega nynorsk.

LoMsk gav ut si fyrste plate i 1994, og sidan den gong har det kome fire til. Av desse fem er fire konseptalbum: debuten Song om ei segn, Bukkerittet (2004), Amerikabrevet (2007) og Lavrans dotter (2009). Plata LoMsk frå 1998 hadde inkje spesielt tema. Amerikabrevet vart nominert til Spellemannprisen 2007 i klassen Viser.

Bandet vart også tildelt Austmannaprisen til Austmannalaget i 2004.

Medlemmer Reidar Svare – vokal, keyboard, fløyte, munnharpe. Hans Bakke – vokal, fele, keyboard. Jørn Steine – bass. Lars Bakke – vokal, akustisk gitar, mandolin. Trond Volden – trommer. Ole Foss – fele, trekkspel. Jørn Kjonerud – elektrisk gitar.

Bakgrunnsstoff LoMsk.no

Kategori:Norske musikkgrupper Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske rockegrupper Kategori:Lom kommune Kategori:Kultur i Innlandet Kategori:Nynorskmusikk Kategori:Musikkgrupper skipa i 1982