Harold Scott MacDonald Coxeter () var ein engelsk matematikar.
Han hadde doktorgrad ved Universitet i Cambridge frå 1931 og frå 1936 professor ved Universitetet i Toronto i Canada fram til han døydde. Hovudinteressa var geometri, og han gav vesentleg bidrag til teorien for polytop, ikkje-euklidsk geometri og gruppeteori. Han skreiv fleire bøker om geometriske emne som har hatt grunnleggande innverknad på oppfatninga vår av klassisk geometri. Han framstod som den viktigaste geometeren på 1900-talet. I 1954 møtte han Maurits Cornelis Escher og dei to utvikla eit nært samarbeid og venskap som fekk stor tyding for tesselleringsarbeida til Escher, særskild i det hyperbolske planet.
Coxeter fekk tildelt den høgaste ordenen til Canada i 1997.
Kjelder
Kategori:Companions of the Order of Canada Kategori:Engelske matematikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Kanadiske matematikarar Kategori:Folk frå London Kategori:Geometerar Kategori:Matematikarar på 1900-talet