Richard Milhous Nixon () var ein politikar i Sambandsstatane. Som politikar representerte han det republikanske partiet. Han var visepresident i USA frå 1953 til 1961 og president frå 1969 til 1974. Han var nummer 37 i rekkja over presidentar. Han er den einaste som har vorte vald to gonger både som visepresident og president. Han vil alltid bli hugsa som fyrste og til no einaste amerikanske president som har gjeve frå seg embetet. Han måtte gå av i samband med Watergate-skandalen.

Nixon si tid som president vart dominert av Vietnamkrigen.

Kategori:USA-amerikanske presidentar Kategori:Folk frå den kalde krigen Kategori:USA-amerikanske politikarar Kategori:Folk frå California Kategori:Folk som har opna OL