Ståle Kleiberg () er ein norsk komponist, professor og skribent. Han er filolog frå Universitetet i Oslo, med musikk, allmennlitteratur og nordisk i fagkrinsen; i tillegg har han diplomeksamen i komposisjon frå Norges Musikkhøgskole og komposisjonsstudiar i England. Kleiberg er professor i komposisjon og musikkvitskap ved NTNU i Trondheim. Han har forska på fransk og norsk musikk frå 1900-talet, og på tysk musikk frå andre halvdel av 1700-talet. Han er medredaktør i Norges musikkhistorie. Kleiberg fekk Fartein Valen-stipendet i 1999 og blei vald til årets komponist av Trondheim symfoniorkester for sesongen 2000-2001.

Kleiberg har skrive ei rekkje komposisjonar i ulike genrar. Noko av det første han skreiv var ein syklus med Haugtussa-songar, med utgangspunkt i Garborgs kjende verk. Hans Requiem for the victims of Nazi persecution er framført med suksess i ei rekkje land. Verket blei mellom anna framført i Washington National Cathedral den 11. september 2004, altså på minnedagen for terroråtaka i New York og Washington. Komposisjonen Rosevinduet er dels inspirert av Gabriel Kiellands kunstverk i Nidarosdomen, dels av Stein Mehrens dikt på same tema. Symfonien med tittelen Klokkeskjæret og orkesterverket Lamento: Cissi Klein in memoriam har òg nådd vidt ut.

Nokre komposisjonar David and Bathsheba (2008), opera Dopo, cellokonsert Haugtussa-sanger (syklus) Klokkeskjæret, symfoni Konsert for fiolin og orkester (2005) Konsert for kontrabass og orkester (1999) Lamento: Cissi Klein in memoriam, for orkester Requiem for the victims of Nazi persecution, for 3 solistar, kor og orkester Rosevinduet (1992), for kammerorkester og resitatør Sonate for fløyte og piano (1987) String quartet (1985) Two poems by Montale (1986), for fløyte, obo, sopran og piano Three Shakespeare sonnets (1982) Trio for fiolin, cello og piano (1994)

Kjelder Ståle Kleiberg – Offisiell nettside ballade.no: «Ståle Kleiberg» Denne artikkelen bygger på «Ståle Kleiberg» frå , den 20. oktober 2011.

Bakgrunnsstoff

kategori:norske komponistar kategori:folk frå Stavanger