Easy Action er det andre studioalbumet til Alice Cooper, gjeve ut av Straight Records i mars 1970. Tittelen kjem frå ei linje i musikalfilmen West Side Story, som var ein av favorittfilmane til bandet. Som med Pretties For You, debutalbumet til bandet frå året før, gjorde ikkje Easy Action det bra verken hos kritikarane eller hos platekjøparane.

Trommeslagar Neal Smith sa seinare om plateprodusenten David Briggs, «David hata musikken vår og oss. Eg hugsar uttrykket han nytta når han refererte til musikken vår var 'psykedelisk skit'. Eg synest Easy Action hadde for tørr lyd, meir som ein fjernsyns- eller radioreklame, og han bidrog ikkje med noko positivt på noko måte.»

Innhald

Medverkande Alice Cooper – vokal Glen Buxton – sologitar Michael Bruce – rytmegitar, piano, solovokal på «Below Your Means» og «Beautiful Flyaway» Dennis Dunaway – bassgitar Neal Smith – trommer David Briggs – piano på «Shoe Salesman»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Easy Action» frå , den 23. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Alice Cooper-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Album produserte av David Briggs