«Teenage Frankenstein» er den andre singelen til Alice Cooper frå albumet Constrictor frå 1986. Sjølv om singelen ikkje gjekk inn på listene var det med å gjere Constrictor til det best plasserte albumet til Cooper sidan Flush the Fashion i 1980.

I lag med to andre Alice Cooper-songar, «He's Back (The Man Behind the Mask)» og «Hard Rock Summer» (som ikkje var med på Constrictor), vart «Teenage Frankenstein» nytta i grøssaren Friday the 13th Part VI: Jason Lives.

Singelen hadde ein konsertversjon av «School's Out» som B-sida.

Songen var skriven av Alice Cooper og Kane Roberts. Det vart laga ein musikkvideo til songen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Teenage Frankenstein» frå , den 24. oktober 2011.

Kategori:Alice Cooper-songar Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Singlar frå 1987