Brutal Planet er det 21. studioalbumet til Alice Cooper, gjeven ut i 2000. Albumet er eit konseptalbum som omhandlar tema med mørk «samfunnslitteratur», som vald i heimen («Take it Like a Woman»), fordommar («Blow Me a Kiss»), krig («Pick Up the Bones») og skulemassakre («Wicked Young Man»). Albumet har feilaktig vorte omtalt som andre del av ein trilogi (som skal ha starta med The Last Temptation og slutta med Dragontown); men Cooper har sagt at dette ikkje er tilfelle.

Doug Van Pelt, redaktør i det alternative kristenmusikk-orienterte HM Magazine, fann at tekstane kommuniserte bibelsk moral på «ein særs mektig måte».

Det vart laga musikkvideoar til «Gimme» og «It's the Little Things». Det gjekk seks år mellom The Last Temptation og Brutal Planet, som er den lengste perioden det har teke mellom to Cooper-album.

Innhald

Medverkande Alice Cooper - Vokal Ryan Roxie - Gitar China - Gitar Phil X - Gitar Eric Synging - Trommer Bob Marlette - Rytmegitar, Bass, Klaverinstrument

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Brutal Planet» frå , den 25. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Alice Cooper-album Kategori:Musikkalbum frå 2000 Kategori:Konseptalbum