«Honky Cat» er ein song frå 1972 av Elton John med tekst av Bernie Taupin, frå albumet Honky Château.

Songen er ein rask, livleg song utan gitar med Davey Johnstone på banjo i staden. Songen er dominert av pianoet til John og ei stor blåserekkje.

«Honky Cat» vart gjeven ut på singel og nådde 8. plass i USA, men berre 31. plass i Storbritannia. Songen vart mykje spelt på konsertane til John.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Honky Cat» frå , den 26. oktober 2011.

Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Elton John-songar Kategori:Songar med tekst av Bernie Taupin Kategori:Songar med musikk av Elton John Kategori:Songar produserte av Gus Dudgeon