Kjell Kopstad () var ein norsk skihoppar frå Eidsfoss i Hof i Vestfold.

Kopstad vann tre medaljar i noregsmeisterskap. Han tok sølv i Drammen i 1956 og i Mo i Rana året etter, og bronse i Midtstubakken i Oslo i 1958. Arne Hoel var hans overmann i 1956, medan Halvor Næs vart noregsmeister i 1957. I 1958 var det Arnfinn Bergmann som tok NM-gull og Sverre Stenersen stakk av med sølvet.

Kopstad deltok i verdsmeisterskapen på ski både i 1954 og 1958, og vart nummer 27 i Falun i 1954 og nummer 16 i Lahti i 1958. Han var med i den tysk-austerrikske hoppveka i 1956/57 og 1958/59, siste gongen vart han samanlagt nummer 16. Hans beste enkeltresultat i hoppveka var sjetteplassen i Garmisch-Partenkirchen 1. januar 1959.

Besteplasseringar i internasjonale renn 1956: Nr 10 i Holmenkollen og i Lahti 1957: Nr 11 under Svenska skidspelen i Skellefteå 1959: Nr 6 i Garmisch-Partenkirchen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1956: Sølvmedalje i Drammen Ski-NM 1957: Sølvmedalje i Mo i Rana Ski-NM 1958: Bronsemedalje i Oslo Ski-NM 1960: Nr 12 i Nedre Eiker Ski-NM 1962: Nr 8 i Skien

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Kjell Kopstad» frå , den 28. oktober 2011.

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Folk frå Hof Kategori:Folk frå Holmestrand