Charles Émile Picard () var ein fransk matematikar.

Han vart professor i Paris i 1886. Picard-satsen seier at ein heil analytisk funksjon tek alle komplekse verdiar med høgast eitt unntak. Picard skreiv Traité d'analyse som kom ut i tre bind i fleire utgåver og har vore ein av dei mest brukte lærebøkene i funksjonsteori.

Picard vart utnemnd til æresdoktor ved Abel-jubileet ved Universitetet i Oslo i 1902.

Kjelder Charles Émile Picard. (2011-11-01) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Charles_Émile_Picard

Kategori:Franske matematikarar Kategori:Folk frå Paris Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmer av Det franske akademiet Kategori:Æreslegionen Kategori:Æresdoktorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Matematikarar på 1900-talet