Burntisland er ein kystby i regionen Fife i Skottland. Han har kring 7 000 innbyggjarar. Han ligg ved Firth of Forth og har ei strand merkt med blått flagg.
mini|venstre|Burntisland i 2005.
Byen er òg kjent for marknadsdagane sine på sommaren, og for høglandsleikane. Rossend Castle frå 1400-talet ligg i byen.
The Binn, ein ås bak byen, er eit kjent landemerke som består av av ein vulkansk plugg som strekkjer seg 193 moh.
Området var tidlegare kjent for olje- og aluminiumsproduksjon, og dessutan skipsbygging. Byen fekk i 2004 status som Fairtrade Town.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Burntisland» frå , den 2. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Fife