Wick (skotsk-gælisk Inbhir Ùige, skotsk Week) er ein kystby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 7 000 innbyggjarar og var ein kongeleg burgh, og administrasjonsby for grevskapet Caithness inntil dette vart avskaffa som administrativ eining.

mini|venstre|Ebenezer Place i Wick. mini|venstre|Wick

Elva Wick renn gjennom byen. Hamna til byen ligg på sørsida av fjorden som blir danna av denne elva.

Wick ligg ved hovudvegen mellom John o' Groats og det sørlege Storbritannia, og har jernbanesamband med Thurso og den sørlege delen av landet. Wick Airport ligg i utkanten av byen.

Mykje av den delen av byen som ligg sør for elva, Pulteneytown, vart utbygt under silde-gullalderen på 1800-talet. Old Pulteney whiskydestilleri ligg i denne delen av byen. Staden vart ei viktig hamn for sildeeksporten, og det vart produsert mykje kippers (røykt sild) der. I museet Wick Heritage Centre er denne sida ved historia til byen godt belyst.

Samband til Noreg

Historia til byen går tilbake minst til tida då Caithness vart styrt som ein del av Orknøyane, ein periode som enda i 1266. Namnet er av norrønt opphav, og tyder «vik».

I seinare år har byen òg hatt eit samband til Noreg, då han låg under den katolske Nordpolmisjonen, som hadde hovudkvarter i Alta. Ein av dei som virkte som katolsk sokneprest i byen var Bernard Bernard (i 1860), seinare prefekt for Det apostoliske prefektur Noreg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wick i Skottland» frå , den 2. november 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i Highland Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland Kategori:Hamnebyar i Skottland Kategori:Stader frå norrøn tid