Lossiemouth er ein by i regionen Moray i Skottland. Han har kring 8 000 innbyggjarar.

mini|venstre|Frå hamna i Lossiemouth.

Opphavleg var staden hamna for Elgin, men har vakse til å bli ein viktig og innovativ fiskarby. RAF Lossiemouth, flybasen til Royal Air Force (RAF), er dessutan viktig for byen. Sjølv om det har vore busetjingar i området i over 1000 år, har dagens by vakse fram dei siste 250 åra. Byen består av fem mindre byar som sidan har vakse saman til éin.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lossiemouth» frå , den 2. november 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i Moray