Daniel Forfang () er ein norsk, tidlegare skihoppar som representerte Tromsø Skiklubb.
Karriere Han debuterte i verdscupen i desember 2001, men hamna langt nede på resultatlistene i internasjonale renn dei tre neste åra. I 2003 utmerka han seg ved å vinne NM-sølv i normal bakke, bak den suverene vinnaren Tommy Ingebrigtsen. 2005-sesongen vart hans beste, han kom på bronseplass i begge NM-tevlingane, og hevda seg inn i mellom bra i verdscupen. Samanlagt i verdscupen kom han på 28. plass. OL-sesongen 2006 starta med ein femteplass under opningshelga i verdscupen, hans beste enkeltresultat. Resten av sesongen vart ein stor nedtur.
Besteplasseringar i internasjonale renn 2005: Nr 9 i Willingen 2005/06: Nr 5 i Kuusamo
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2000: Nr 11 i storbakken i Meldal Ski-NM 2002: Nr 5 i normalbakken i Høydalsmo Ski-NM 2003: Sølvmedalje i normalbakken på Lillehammer Ski-NM 2004: Nr 11 i storbakken i Oslo Ski-NM 2005: Bronsemedalje både i normalbakken og i storbakken, begge renna på Lillehammer
Forfang la opp som aktiv hoppar i 2006 på grunn av slankepresset i hoppmiljøet. Han kritiserte landslagsleiinga for manglande oppfølging av problema hans rundt slankepresset.Reportasje i avisa Nordlys
Kjelder
Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff Daniel Forfang i fis-ski.com
Kategori:Norske skihopparar