Samir Qasir, òg skrive Samir Kassir (), var ein libanesisk-fødd lærar og journalist av kristen bakgrunn. Han underviste ved Universitetet i Paris I: Panthéon-Sorbonne og ved St. Josefsuniversitetet i Beirut. I den libanesiske avisa al-Nahar, der han var førstesidespaltist, såvel som i ymse europeiske media, tala han sterkt for demokrati i Libanon, og han var ein vidkjend kritikar av Syria si rolle i Libanon. Som ein av grunnleggjarane av den demokratiske venstrerørsla i Libanon spela han ei viktig rolle under dei anti-syriske demonstrasjonane etter mordet på tidlegare statsminister Rafiq Hariri. I tillegg gjekk han inn for at dei syriske troppane måtte trekkje seg ut av Libanon.
Samir Qasir vart snikmyrda av ukjende personar med hjelp av ei bilbombe ved heimen sin i den hovudsakleg kristne bydelen Ashrafiyeh i Beirut den 2. juni 2005, få dagar etter det libaneiske valet. Sidan han hadde fått ei rekkje trugsmål frå libanesiske og syriske etterretningsoffiserar, meinte mange libanesarar at mordarane hans kom frå det libanesisk-syriske tryggleiksapparatet eller restar etter denne organisasjonen.Independent 3 June 2005 Syria's troops have gone. So who killed Samir, Lebanon's fearless Robert Fisk
Verk 2003: Histoire de Beyrouth 2004: Considérations sur le malheur arabe
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Samir Qasir» frå , og «Samir Qasir» frå den 5. juni 2005.
Bakgrunnsstoff «Samir Kassir: Profiles» Daily Telegraph: «Anti-Syria journalist killed by car bomb» BBC News: «Anti-Syria writer slain in Beirut» BBC News: «Hundreds mourn Beirut journalist»
Kategori:Libanesiske journalistar Kategori:Drepne journalistar