Kirkwall er den største byen og administrasjonssenteret på Orknøyane, nord i Skottland. Han har kring 7 500 innbyggjarar. Byen vart fyrst nemnd i Orknøyingasoga for året 1046, i forteljinga om Ragnvald Brusesson som var den fyrste av Orknøyjarlane som hadde tilhaldstad i Kirkwall.
mini|venstre|Rådhuset i Kirkwall.
Byen har to museum, eit som inneheld ting av lokalhistorisk interesse og det andre som er det vesle Wireless Museum, som tek seg av historia om radio og lydopptak.
Ei av hovudhendingane i byen er Kirkwall Ba' eller Ba' Game, eit lovlaust ballspel halde på fyrste juledagen og fyrste nyttårsdagen mellom «Uppies» og «Doonies»; kvart lag representerer ein halvdel av byen.
Historie mini|venstre|Ruinane av bispeslottet (Bishop's Palace) og tårnet til St. Magnuskatedralen.
I 1486 opphøgde kong Jakob III av Skottland Kirkwall til by med statusen kongeleg burgh. Namnet Kirkwall kjem frå det norrøne namnet Kirkjuvágr som tyder «Kyrkjevågen», som seinare vart til Kirkvoe og så Kirkwaa på engelsk. Engelske kartografar tok waa som skotsk wa, som tyder «mur» (wall).
Kirkwall ligg på den nordlege kysten av Mainland i Orknøyane, og har ei hamn med ferjesamband til dei fleste andre øyane i gruppa. Etter dagens skotske standardar er det ein liten by. I hjarta av byen ligg St. Magnuskatedralen som kan sjåast frå lang avstand. Han fekk namnet sitt etter Den heilage Magnus, jarl av Orknøyane frå 1108 til 1117. Like ved katedralen er det ruinar frå slottet til den tidlegare biskopen og slottet til jarlen.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kirkwall» frå , den 3. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar på Orknøyane Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland Kategori:Stader frå norrøn tid