Drumnadrochit (skotsk-gælisk Druim na Droichaid ) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 1 000 innbyggjarar og ligg ved Loch Ness, ved opninga av dalen Glenurquhart.
mini|venstre|Urquhart Castle og Loch Ness.
Turisme er ei viktig næring i landsbyen, og det er tre hotell der. Ein av dei største attraksjonane er Loch Ness og utflukter for å sjå etter sjøuhyret «Nessie». Like i nærleiken ligg slottsruinen Urquhart Castle som er ein av dei best vitja eigedomane ått av Historic Scotland.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Drumnadrochit» frå , den 3. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Highland