Aberlady (skotsk-gælisk Obar Lìobhaite) er ein landsby i regionen East Lothian i Skottland. Han har kring 1 200 innbyggjarar.

Aberlady ligg på austkysten av Skottland sør for Firth of Forth. Han ligg om lag åtte kilometer nordvest for Haddington og 30 km austom Edinburgh.

I mellomalderen var Aberlady ein viktig hamneby på austkysten, og vart omtalt som the Port of Haddington (Haddingtons hamn). I dag er landsbyen først og fremst kjent for verneområda i Aberlady Bay. Aberlady vart det første verneområdet med status som Local Nature Reserve i 1952, sidan har det fått vernestatus som Site of Special Scientific Interest, Special Protection Area og Ramsarområde.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aberlady» frå , den 3. november 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i East Lothian