Reidar Andersen () var ein norsk skihoppar og konfeksjonsfabrikant, opphavleg frå Haugsbygd i Norderhov i Buskerud. Han var medlem av Fossekallen, Sportsklubben Freidig og Idrettsforeningen Ready. Andersen var busett i Oslo.
Aktiv Andersen vann sølvmedaljen under verdsmeisterskapane på ski i nordiske greiner både 1930, 1935 og 1937. I Vinter-OL 1936 i Garmisch-Partenkirchen fekk han bronsemedalje. Gunnar Andersen var hans overmann i 1930, medan Birger Ruud var gullvinnar i meisterskapane frå 1935 til 1937, og Sven Selånger fekk OL-sølv i 1936. I verdsmeisterskapane 1931 og 1938 vart han høvesvis nummer fire og fem.
Andersen er den einaste som nokon gong har vunne Holmenkollrennet tre år på rad: 1936, 1937 og 1938. Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1938. Same tre sesongane vart han også noregsmeister.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 1933: Sølvmedalje i Oslo 1936: Gullmedalje på Kongsvinger 1937: Gullmedalje i Tønsberg 1938: Gullmedalje i Mo i Rana 1946: Bronsemedalje i Drammen 1949: Nr 8 i Steinkjer
Andersen vart teken med i National Ski Hall of Fame i 1971.Andersen sin biografi på U.S. National Ski and Snowboard Hall of Fame and Museum I biografien vert nemnt dei 18 sigrane han tok i skihopping i 1939 under ein turne i USA. Etter andre verdskrigen gjorde han endå ein turne i USA for å fremje skisporten.
Kjelder
Magnus Breili:Sport i navn & tall, 1971
Bakgrunnsstoff Oversikt over vinnarar av Holmenkollrenna sidan 1892 (PDF)
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1936 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1936 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1936 Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Folk frå Ringerike